Nå kjem Riket

“Gled deg storleg, Sions dotter, set i og jubla, Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg. Rettferdig er han, og siger har han fått; audmjuk rid han på eit esel, på den unge eselfolen.” (Sakarja 9,9)

Palmesøndag: Ein vanleg mann rir på ein utamd fole, og folk ropar og hyllar han som konge og herskar. Det heile verkar rart. Kva meining kan dette ha? Profeten Sakarja har forutsagt at det skulle hende, og alle evangelistane har fortalt at det hende. Ei hending som har fått så stor plass i Bibelen må vere svært viktig og ha noko å seie oss.

For det første er det som hende denne dagen, eit kraftig vitnemål om at Bibelen, den heilage Skrift, er guddommeleg, sann og fullt påliteleg. Dette er ikkje ei kva som helst bok som kan dokumentere og vise at ein profeti, som er uttalt lang tid forut, får si oppfylling.

For det andre skulle denne hendinga vere eit mektig vitnemål om at Jesus frå Nasaret var Messias. Profeten Sakarja hadde med sin profeti gitt jødane eit klart kjenneteikn, slik at dei skulle vere utan unnskyldning om dei forkasta han.

For det tredje var denne hendinga ein proklamasjon om at nå kjem Guds rike. Og det var ein illustrasjon av dette riket sin art og vesen. Jesus ville demonstrere at han ikkje var ein verdsleg konge og fyrste slik mange tenkte seg Messias skulle vere. Han var ein konge, men ikkje ein konge av denne verda. Og hans rike var ikkje eit verdsleg rike som ein kan teikne på eit kart og ramme inn med grenser. Nei, hans rike var eit åndeleg og usynleg rike. Ikkje eit rike med ytre makt og prakt, men eit skjult og fattig rike å sjå til. Og det skulle ikkje styrast med vald og våpenmakt, men med Ord og sakrament.

Nå er mørket sin time, nå skal denne verda sin fyrste kastast ut, seier Jesus i Joh 12,32. Nå kjem Riket, nå blir det oppretta. Eit åndeleg og usynleg rike blir oppretta for fattige syndarar og skal styrast med nådemidla.

Langfredag blei det avgjerande slaget om dette riket utkjempa. Første påskedag blei sigeren proklamert. Pinsedag blei riket opna for alle folkeslag. Gå ut i verda, sa Jesus ved si himmelsferd, og forkynn evangeliet om riket. Pinsedag var folk frå alle kantar av verda samla i Jerusalem, og dei som høyrde det apostlane vitna, blei fødde inn i dette forunderlege nåderiket som er Guds rike.

I lyset frå Guds ord i lova får vi lære oss sjølve å kjenne. Vi får sjå at vi er syndige tvers gjennom og fortener Guds evige fordømming og den evige fortapinga. Men høyr:

Har du mange synder, Jesus deg forkynner:

Gjelden er betalt!
Her er ingen vrede, nåden den er rede,
som utsletter alt.
Jesu død og at han brøt
gjennom dødens vold og vrede,
det for deg jo skjedde.

(Brorson)

Du, på grunn av din bror, Jesus, som levde, døde og stod opp for deg, får stå i nåde hos Gud slik du er. All den synd du kjenner og slit med, ja, alt det du er i deg sjølv, tek ikkje Gud omsyn til. Der gjeld berre stedfortredaren din, Jesus, som har gjort fyldest for alle syndene dine. Frå Guds hjarta lyder det: Son, dotter, ver frimodig, syndene dine er tilgjevne, ikkje berre dei du har gjort til denne dag, nei, heile framtida di med alle syndene dine er skjult i Guds nådehav.

Dette er eit rike for deg og meg, det er eit Guds nåderike.

(Frå ei preike av Ole Brandal, 1979 – «Guds rike kjem».)

Da gudstjenesten fikk morsmål

– 500 år siden

1526 – Fem år var gått siden Martin Luther ble lyst i bann av paven. Fra Wittenberg, reformasjonens sentrum, hadde evangeliet spredt seg stadig videre ut. En viktig tanke for Luther var at Guds ord skulle forkynnes slik at vanlige folk kunne forstå. Han hadde derfor oversatt Det nye testamente til et flytende og forståelig tysk og også diktet en mengde nye tyske salmer. Stadig flere steder begynte man nå å feire gudstjeneste på morsmålet; bønner, tekstlesninger og salmer var ikke lenger på latin, men tysk. Men det virket forvirrende med så mange ulike nye gudstjenesteordninger, så Luthers venner ba ham om å utforme en felles standardliturgi til bruk over alt.

Luther nølte, fordi han ikke ville at èn bestemt ordning skulle bli en tvangstrøye. Det viktige er at evangeliet forkynnes rett og at sakramentene forvaltes etter Kristi innstiftelse. Der Ordet lyder og sakramentene deles ut, er Jesus selv nær – til trøst, til frelse og til liv.

Les videre: https://evanluth.com/2026/03/28/500-ar-siden-da-gudstjenesten-fikk-morsmal/

Gjennom død til liv


Preken på Palmesøndag av pastor David Edvardsen.


Marias glede er
vår glede


Preken på Maria budskapsdag av pastor Egil Edvardsen.

Tidligere innlegg

Prekener

Bibeltimer

Les Bibel og bekjennelse 1-2026