Gud signe vårt dyre fedreland

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brødre saman bu,
som kristne det kan seg søma.

Vårt heimland i mørker lenge låg,
og vannkunna ljoset gøymde.
Men, Gud, du i nåde til oss såg,
din kjærleik oss ikkje gløymde,
du sende ditt ord til Noregs fjell,
og ljos over landet strøymde.

Vil Gud ikkje vera bygningsmann,
me fåfengt på huset byggja.
Vil Gud ikkje verja by og land,
kan vaktmann oss ikkje tryggja.
Så vakta oss,Gud, så me kan bu
i heimen med fred og hyggja!

No er det i Noreg atter dag
med vårsol og song i skogen.
Om sædet enn gror på ymist lag,
det brydder då etter plogen.
Så signe då Gud det gode såd
til groren ein gong er mogen.

Elias Blix (1836–1902)

 

 


 

Kirkemøte 2019

Program

 

 

 

 

Biblicum-dag i Stavanger


LBK på FACEBOOK

Klikk her


Vår lutherske arv

Klikk her


Gratis eBøker

Klikk her