Korfor er me i Guds hus?

Preike ved familiegudsteneste, på 10. søndag etter Treeiningssøndag

Lukas 19:45-48:
Så gjekk Jesus inn på tempelplassen og tok til å jaga ut dei som dreiv handel der. Og han sa til dei: "Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de har gjort det til ei røvarhole." Sidan var han kvar dag i templet og lærte. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket hadde hug til å rydja han or vegen. Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle bera seg åt, for alt folket heldt seg nær til han og høyrde på han.

Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Tenk korleis me ville ha reagert viss det ein dag kom nokon på besøk heim til oss, i huset kor me bur, og begynte å bera inn på ein masse svære tunge speleautomatar. I alle rom i huset sette dei opp slike store automatar, tett i tett, fullt av dei, og dei sa: "Ja, me tenkte det kunne vera veldig greitt å bruka dette huset som spelehall, slik at naboar og andre folk i området kan ha ein treffstad, der både unge og gamle kan stikka innom og treffa kjentfolk, spela på automatar og ha det kjekt…" Då trur eg du ville synast at dette høyrdes heilt sprøtt ut, og at du ville be dei om å ta med seg alle automatane og komma seg ut så fort som mogleg! Er dei heilt galne? Det går jo bare ikkje an å gjera sånn i huset til folk! Sjølv om det ikkje nødvendigvis er noko gale med speleautomatar, er det jo heilt feil å bruka huset ditt på den måten!

Me leste nettopp frå Bibelen at Jesus stod på tempelplassen, i templet i Jerusalem, og såg seg rundt. Det var masse folk der, men Jesus såg at dei brukte Guds hus på heilt feil måte. I det heilage templet, kor dei vel måtte visa litt respekt, vera litt stille, kor dei skulle lytta til Guds undervisning, bera fram offer og be til Gud; der var det blitt omtrent som ein marknadsplass: Folk kjøpte og selde, fór fram og tilbake, dei prata og ropte høgt, det klirra i myntar, dyr brekte og rauta; - så mykje uro, bråk og rot! Så var det og slik at dei som arbeida i templet med å selja duer og lam som folk ville ha for å ofra, dei kravde ofte altfor mykje pengar av folk; prisane var unaturleg høge. Det var eigentleg nesten som å stela, det dei gjorde.

Jesus syntes at dette var jo omtrent som ei røvarhole, korleis dei heldt på der. Han såg at hjarta deira og tankane deira var langt vekke frå Gud; dei var opptatt av heilt feil ting der i Guds hus! Han blei så trist og sint av det han såg, at han begynte å jaga vekk alle dei som dreiv og selde og kjøpte der. Han velta borda deira, så pengane, myntane, datt på bakken og trilla i alle retningar. Jesus sa: "Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus. Men de har gjort det til ei røvarhole."

Nokre blei jo sjokkerte og lurte på korfor Jesus meinte han hadde rett til å jaga nokon vekk derifrå, - akkurat som om det var hans eigedom, dette huset?! Men det var jo faktisk akkurat det det var! Jesus er Guds Son, han er Gud sjølv, og derfor er Guds hus Jesus sitt hus.

Etterpå stod Jesus på tempelplassen og underviste om Guds rike, og mange høyrde godt etter kva han sa. Dette var sjølvsagt ein mykje betre måte å bruka Guds hus på, å lytta til Guds ord. Gud vil at me skal bruka hans hus på rett måte.

Når me er her i kyrkja, er me jo i Guds hus. Det finns massevis av små og store kyrkjehus rundt om i Noreg. Men dessverre er det jo slik at det er veldig få menneske i landet vårt som brukar kyrkjene i det heile tatt. Mange går nesten aldri til gudsteneste, fordi dei ikkje er interessert i det som skjer der, eller fordi dei meiner dei har andre ting å gjera som er viktigare.

Og så er det nokre som har lært seg at Guds hus skal vera eit bønehus, og så tenkjer dei at dei må bli veldig bra menneske før dei kan våga å komma inn i Guds hus og snakka med Gud i bønn. Så derfor kjem dei ikkje, dei meiner at dei ikkje er bra nok; ikkje ennå, i alle fall.

Har dei ikkje eigentlig rett, dei som tenkjer sånn? For det står jo i Bibelen at Gud ikkje tåler synd. Syndene våre må vekk, alt ureint, all misunning, alle stygge tankar, det må vekk. Det er "den som har skuldfrie hender og eit reint hjarta, den som ikkje fer med svik" som får komma fram for Gud og stå på hans heilage stad. (Salme 24)

Så me som har komme hit til gudsteneste i dag, korfor er me her? Korfor vågar me eigentleg å komma hit til Guds hus? Fordi me meiner at me er bra nok, slik som me er? Gode nok til å komma til Gud?

Nei, når me kjem til Guds hus, har me ingenting i oss sjølv å skryta av. Me har ingenting å komma med. Me treng tilgjeving og nåde, me treng Jesus, me treng frelse og fred med Gud. Og dette får me her, i Guds hus! Gud gir det til oss her. Dette er den aller viktigaste grunnen til å komma til Guds hus. Gudsteneste er ikkje det at me tener Gud; gudsteneste er fyrst og fremst at Gud tener oss, at han gir oss det me treng mest av alt, tilgjeving og frelse. Han gir det til oss gjennom sitt ord, evangeliet, og i sakramenta, dåpen og nattverden. Og me får bare ta imot, heilt gratis.

Det er på grunn av dette at Guds hus kan vera eit bønehus. For Gud ville ikkje høyrd bønnene våre viss me ikkje hadde ein frelsar, Jesus, som på korset tok vekk syndene våre. Alt måtte vekk, alle syndene som skilde oss frå Gud, alt som stod i vegen og hindra kontakten mellom oss og Gud. Elles kunne det ikkje finnast noko bønehus kor me syndarar fekk komma.

Me ofrar ikkje duer eller lam i Guds hus lenger; for frelsaren vår, Guds lam, har ofra seg sjølv ein gong for alle då han døydde på korset på grunn av våre synder. Derfor er det ikkje nødvendig med fleire offer for synd. Det var nok, det som Jesus gjorde.

På grunn av Jesus og det han har gjort, får du og eg nå vera Guds barn, og me får snakka med han slik som barn snakkar med sin kjære Far. Han blir glad når me takkar han for alt det gode han gir oss, og han blir glad når me ber om ting me ynskjer oss. Han vil gjerne gi oss det me ber om, det som er etter hans gode vilje, det som han ser er til det beste for oss.

Nå er det jo tid for skulestart! Denne veka er sommarferien slutt og ungane begynner på skulen. Det er jammen flott at her i landet kan alle få gå på skulen og læra å lesa og skriva og andre viktige, nyttige ting. Dette har me god grunn til å takka Gud for!

Men enda mykje viktigare enn det me får læra oss på skulen, er jo det me får læra oss i Guds hus, i gudstenester, på søndagsskulen og på bibelstudium! Her underviser Gud oss om sitt rike, me får læra oss om hans store kjærleik, at han har elska verden så høgt at han gav Son sin, den einborne, for at kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Han fortel oss at han elskar oss og tilgjev oss alle våre synder. Det finns ingen annan kunnskap i heile verden som er viktigare og betre enn den kunnskapen Gud gir oss her. Og me blir aldri fullt utlærte i Guds ord, det finns alltid meir å læra, alltid djupare lag av kunnskap og innsikt. Og det me har lært før, treng me stadig å høyra om att, elles gløymer me det.

Så derfor, som det står i brevet til Hebrearane (10:25), "Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast, som somme plar gjera; men lat oss setja mot i kvarandre, og det så mykje meir som de ser at dagen nærmar seg." ("dagen" – d.v.s. den siste dagen, dagen då Jesus kjem tilbake).

Her i Guds hus legg Gud så store rikdommar i armane dine, at du rett og slett ikkje har råd til å gå glipp av det!

Det kan jo vera at du føler at preika i gudstenesta gjerne ikkje alltid liksom treff midt i blinken, for din eigen del. Kanskje noko verkar litt uklart, eller litt for teoretisk iblant? Kanskje predikanten har ein mindre god dag. Likevel vil det jo alltid vera noko der - i ei preike basert på Guds ord - noko som du kan gøyma i hjarta ditt og ha nytte av. Me veit at Den Heilage Ande verkar alltid gjennom forkynninga av Ordet, sjølv om me ikkje alltid føler at me blir rørt til tårer der me sit og høyrer.

Og gudstenesta er meir enn bare preika; Gud tener deg jo på andre måtar. For eksempel, heilt mot slutten av gudstenesta får du høyra: "Herren la sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig!" (4 Mos 6:24f). Dette er Guds ord, hans eiga velsigning. Det er Gud sjølv som velsignar deg, gir deg sin nåde og gjer deg så rik her i sitt hus. Han lar deg få så mykje godt med deg heim. Du får gå herifrå velsigna av Gud, med ei visse om at han elskar deg og har tilgitt deg alle dine synder for Jesu skyld, og at du har ein evig arv i vente i himmelen. Og etter den rike velsigninga svarar me: "Amen, amen, amen." - "Det er sant."

Snakk om å få mykje ut av ein times tid på ein søndags formiddag! Snakk om å få godt utbytte! Alt dette får me ta med oss herifrå og ut i verden, til skulen, på jobben, heime, i søskenflokken, i ekteskapet, blant naboar og venner. Denne vissa om at Gud har vore så raus mot oss og tilgitt oss all synd, den vil hjelpa oss til å vera meir raus mot andre, tilgi dei og bera over med deira feil og svakhetar. Den vil og hjelpa oss til å vera tålmodige, milde og vennlege, og driva oss til å forsøka å få andre med oss til kyrkja, slik at dei og kan bli like rike og velsigna av Gud som me sjølv har blitt her i Guds hus. Amen.

La oss be: Kjære Gud, himmelske Far, me takkar deg for at du gjer oss så rike, at du gir oss så mange store og gode gåver her i ditt hus, gjennom ditt ord. Takk for at me får be til deg som vår far, og at du alltid vil høyra bønnene våre! Hjelp oss til å få enda større iver for ditt hus og større iver etter å få andre med oss hit! I Jesu namn, amen.

(Pastor Tor Jakob Welde)



DEN LUTHERSKE BEKJENNELSESKIRKE

Hvem er vi?
  Hva skjer?  Hvor finner du oss? Våre søsterkirker  Lesestoff  
Til oppbyggelse
  Ukens andakt  Prekener  Foredrag  Til hovedsiden


Tilbake til prekenarkivet