Kast ut nota!

Preike på Femte sundag etter Treeiningssundag

Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaret-sjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde gått i land og heldt på og skylde nøtene. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten. Då han hadde halde opp å tala, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og kast nota, så de kan få fisk.» «Meister,» svara Simon, «vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota.» Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at nota heldt på å rivna. Dei vinka til lagsmennene i den andre båten, at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» For både han og alle som var med han, var fulle av undring over all fisken dei hadde fått. Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske!» Så rodde dei båtane til lands og gjekk ifrå alt og fylgde han. (Lukas 5:1-11)

Mange av oss som er oppvaksne her langs norskekysten har hatt ein bestefar eller oldefar som har vore fiskar av yrke. Fiskerinæringa har alltid vore viktig for Noreg. Men i våre dagar har det vorte mindre vanleg å livnæra seg som fiskar. Dei fleste som fiskar i dag er hobbyfiskarar, og fiskar mest fordi dei synes det er kjekt. Sjølv synes eg også at det er kjekt å fiska, men samstundes må det nok seiast at eg synes det vert ganske keisamt å fiska viss eg ikkje får ein einaste fisk. Viss eg må halda på i timevis og til slutt gje opp utan å ha fått noko; då synes eg ikkje det er særleg kjekt. Eg må berre innrømma det.

Det er vel ikkje så vanskeleg å førestella seg korleis fiskarane Peter, Jakob og Johannes må ha kjend seg den morgonen ved Gennesaretsjøen; dei hadde vore ute og fiska heile natta, men ikkje fått ein einaste fisk. Når sola kom opp var det på tide å gje seg, for dei visste at det var om natta det var best å fiska; det var vanskelegare å få fisk når det vart lyst. Dei var nok ganske sure og leie og grudde seg litt til å komma heim og fortelja at dei ikkje hadde fått noko som helst. Dette var jo jobben deira, det var fisken dei og familien deira skulle leva av. Men sjølv om dei var trøytte og skuffa, hadde dei visst ikkje tenkt å gje opp og leggja heile fiskaryrket på hylla. Nei, dei sat og skylde garna, gjorde utstyret klart til å prøva på nytt neste kveld.

Desse fiskarane kjende Jesus frå før av, dei hadde vore mykje i lag med han og lytta interessert til hans undervisning. Men han hadde ennå ikkje kalla dei til å verta hans disiplar på heiltid, dei var framleis fiskarar og trudde nok dei skulle halda fram med det resten av livet. No var altså Jesus komen ned til sjøen, og ein masse folk trengde seg om han for å høyra Guds ord. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og lærte folket frå båten.

Kan me eigentleg tenkja oss ein meir perfekt preikestol for Jesus, enn ein fiskebåt? Det er jo han som er den store Fiskaren, Menneskefiskaren. Med sitt ord, Guds ord, drar Jesus menneske til seg, samlar folk akkurat som fisk i eit garn. Utan at Guds ord vert forkynt kan ingen koma til tru og verta frelst. Bibelen seier at trua kjem av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord. (Rom 10:17). Evangeliet er ei Guds kraft til frelse. Når menneske hamnar i "garnet" til Jesus, vert dei ikkje ufri og hjelpelause fangar; nei, det er då dei vert fri, då er dei redda. Jesus var komen for å forkynna ein gledebodskap for fattige, for
å ropa ut at fangar skulle få fridom, for å løysa dei trælka or tvang og ropa ut eit nådeår frå Herren (Luk 4:18-19). Og det var dette, den glade bodskapen om Guds rike (Luk 4:43), som folk fekk høyra ute i friluft frå fiskebåten den dagen, bodskapen om synd og nåde, tilgjeving for syndene og evig liv.

Kva trur de Peter tenkte då Jesus etter ei stund bad han om å leggja ut på djupet og kasta nota så dei kunne få fisk? Visste ikkje Jesus at det var nokså håplaust å prøva å få fisk der ute på djupet? Peter hadde lang erfaring som fiskar på Gennesaretsjøen, ja, var det noko han kunne, så var det å fiska. Og han visste jo godt at dersom dei ville fanga fisk måtte dei halda seg lenger inne ved land, der det var grunnare vatn. Og i tillegg, så var det jo om natta dei burde fiska. Dette var noko alle visste. Folk kunne koma til å byrja å le av Peter, viss han gjorde noko som verka så ufornuftig; å fiska ute på djupt vatn, og midt på ljose dagen.

"Meister," svara Simon Peter, "vi har streva i heile natt og ingenting fått. Men på ditt ord vil eg kasta nota." Fordi du seier det, Jesus, vil eg gjera det. Same kor underleg det høyrdes ut, - når det var Jesus som sa det, måtte han nesten berre gjera det.

Og me veit kva som hende, det kom så mykje fisk i garnet at det heldt på å rivna. Dei måtte få hjelp frå ein annan båt for å få opp alt, og begge båtane vart fylt av eit så svært og tungt lass med fisk at det var nære på at dei sokk. Peter og dei andre hadde aldri opplevd eller høyrd om noko liknande der på Gennesaretsjøen. Jesus viste her at han står over naturkreftene, han er herre over både fiskane i vatnet, fuglane i lufta, og dyr og menneske på landjorda. Han er ein guddommeleg person, ja Gud sjølv, med all makt.

Det er jo svært interessant å lesa korleis Peter reagerte på denne store undergjerninga; han vart heilt overvelda, skaka og livredd, så han fall på kne for Jesu føter og sa: "Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann."

Han burde vel heller ha sagt: "Ikkje gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann. Ikkje gå frå meg, for det er berre du som kan frelsa meg!" Ville ikkje det vore betre? Jo, men akkurat då vart det for mykje for Peter, det vart for sterkt! Han såg den enorme kontrasten, skilnaden mellom Jesus, den heilage, guddommelege personen som stod framfor han, og han sjølv, Simon, den uverdige, svake syndaren. Han kjende at Jesus kunne sjå like inn i hjarta hans og lesa han som ei open bok, korleis han var. Og dette var ikkje til å halda ut.

Men Simon Peters reaksjon er heilt typisk for oss menneske. Når me skjønar litt av korleis Gud er, at han er så stor og mektig, og at han er heilag, då skjønar me kor enorm kontrasten er mellom Gud og oss, då ser me kor små og svake, syndige og uverdige me er i oss sjølve. Når me tenkjer på at Gud kjenner oss, at han ser like inn i hjarta vårt og veit akkurat korleis me er, då får me lyst til å flykta frå Gud og hans heilagdom. For me veit at me kan ikkje stå framfor han slik som me er. For Gud tåler jo ikkje synd.

Jesu svar til Simon Peter er svært trøysterikt, også for oss. Fyrst seier han: "Ver ikkje redd!" Desse orda rommar mykje. Kvifor skal me ikkje vera redde? Jo, grunnen er den glade bodskapen om Guds rike, at Gud ikkje har send Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han (Joh 3:17). Han er komen for å leita etter det som var fortapt, og frelsa det. Han fordømer deg ikkje, men tilgjev deg alle dine synder. For han sjølv er Guds lam som har båre di og heile verdas synd, skuld og skam på sine skuldrer, like til døden på korset.

Kvifor skulle du då villa flykta – når han ikkje er komen for å forskrekka deg og visa deg vekk, men for å ta frå deg di nød, di frykt og dine synder? Jesus ville ikkje gå vekk frå Peter, og han vil heller ikkje forlata deg og meg. Nei, han vil vera hjå oss, og vera vår frelsar og venn og hjelpar.

"Ver ikkje redd!" seier Jesus, "heretter skal du fanga menneske!" Mirakelet med den store fiskefangsten var eit flott bilete på det som låg i framtida for Peter og dei andre disiplane. Jesus ville setja dei i arbeid med å forkynna evangeliet for alle folkeslag, samla inn menneske til Guds rike frå både aust og vest, nord og sør. Verken Peter, Jakob eller Johannes makta sjølvsagt av si eiga kraft å samla inn ei einaste sjel. Nei, men på Jesu ord skulle menneskefiskarane kasta ut nota, og Gud Den Heilage Ande skulle verka gjennom forkynninga av evangeliet, Guds ord.

Den fyrste verkeleg store fangsten kom jo på pinsedagen i Jerusalem, då i alt tre tusen vart lagde til forsamlinga av dei truande. Og seinare opp gjennom hundreåra, i tunge motgangstider og i medgangstider, har millionar av menneske vorte samla inn. Ennå i dag samlar Gud menneske inn i sitt rike gjennom evangeliet, og det er derfor me er her i dag; me også har fått høyra den glade bodskapen om Guds rike.

Det står om Peter og dei andre at dei rodde båtane til lands, gjekk ifrå alt og fylgde Jesus. Frå den dagen skulle dei vera hans disiplar på heiltid. No ber jo ikkje Gud alle kristne om å slutta i yrka sine og berre gå omkring og forkynna evangeliet. Men det er likevel sant at same kva for eit yrke Gud har leia deg til, om det er fabrikkarbeidar, kontorarbeidar eller kulturarbeidar, husmor, journalist eller sjukepleiar, bilmekanikar, bussjåfør eller bonde, ja, same kva du er, var eller skal verta, så vil Gud at du fyrst og fremst skal tenkja på deg sjølv som menneskefiskar. Du er ein del av arbeidslaget ombord i denne fiskebåten som skal samla menneske inn til Guds rike gjennom forkynninga av evangeliet. Det er fyrst og fremst derfor me er her på jorda, me kristne. Det er ikkje meininga at alle Jesu disiplar skal gjera akkurat dei same oppgåvene ombord i denne båten. Alle har me ulike gåver, evner og ressursar, som Gud har gitt oss for å bruka i tenesta for han. Ingen må tenkja at "Gud kan ikkje bruka meg, eg er for udugeleg og ubrukeleg." Tenk på kven dei var, dei Jesus kalla: ikkje berre dei med best karakterar frå skulen, men vanlege enkle folk, fiskarar frå Galilea. Heller ikkje treng me å vera så friske og raske og gode til beins. Alle kan me falda hendene våre og be, forbøn er ei viktig teneste i Guds rikes arbeid. Og både i ord og gjerning kan me alle vitna for andre om frelsaren vår. Gud kan bruka oss alle, og han vil gjerne bruka nettopp deg.

Men ofte kan det verka for oss som om det arbeidet me driv i lag, er nokså nyttelaust, og me får lyst til å gje opp. Kvifor gidd me å halda fram? Me får jo nesten ikkje ein einaste fisk!? Ja, somme tider kan det for oss sjå ut som om kyrkja er i ferd med gå til grunne, at alt arbeidet har vore fånyttes. Men slik er det jo ikkje. Og frå andre verdsdelar meldes det om store framgangar for evangeliet, ein masse menneske kjem til tru på Jesus kvar einaste dag.

Sjølv om me her har liten suksess målt med verdas målestokk, sjølv om me kanskje har streva både lenge og vel utan å ha fått noko, her kor me held på og fiskar, så skal me berre halda fram å kasta ut nota. Det er ein styrke og ei trøyst for oss å tenkja på at han som er oppdragsgjevaren vår er akkurat den same som fylte garna til fiskarane på Gennesaretsjøen den dagen. Riket er hans, og makta og æra er hans. Han som sjølv har gått i døden for oss for å frelsa oss, han vil ikkje la oss gå til grunne; han er med oss i båten og vil alltid vera hjå oss og hjelpa oss.

Med det store fiskefangstmirakelet viste Jesus og tydeleg at han både vil og kan sørgja for disiplane sine når det gjeld deira livsopphald her på jorda. Me treng ikkje vera urolege for at me ikkje skal ha nok mat, drikke, klede og så vidare. Han skal sørgja for at menneskefiskarane får det dei treng. Stol berre på han!

"På ditt ord vil eg kasta nota," sa Simon Peter, og me vil fylgja Peters eksempel. Me vil ikkje lita på oss sjølve eller vår eiga gjerning, men på Jesu ord skal me halda fram å kasta ut nota og ikkje gje opp. Det er aldri fånyttes å forkynna evangeliet. Men som me syng i ein salme: Det skal ei skje ved kraft og makt, men ved din Ånd som du har sagt. Det skal ei skje ved mannehånd, men Herre, ved din egen Ånd." (NoS 227,1)

Amen.

(Av pastor Tor Jakob Welde)



DEN LUTHERSKE BEKJENNELSESKIRKE

Hvem er vi?
  Hva skjer?  Hvor finner du oss? Våre søsterkirker  Lesestoff  
Til oppbyggelse
  Ukens andakt  Prekener  Foredrag  Til hovedsiden


Tilbake til prekenarkivet